Kona til Sebjørn ser på folk som går forbi, og føresteller seg kvar dei skal reise med tog, og kva dei skal gjere når dei kjem fram. Ho kan ikkje tenke seg at dei skjøner kva ho skal, og no når ho har begynt å bli mett og glad, må ho smile av tanken på at det er beint fram umogeleg å skjøne kva for tankar som sviv gjennom hennar hovud.